hjå bjørke og bringedal

Hjå mine gode venner på Bjørke gard i Voss , har eg fått tatt ei mengd bilder gjennom åra.

det har vert ei utvikling med sau på garden for 4 år sida.

no er det meir en 300 vinterfora sau på garden.

det er av rasen, nks. kvit spæl og farga. svartfjes.

sauene beitar på ulike stader på voss.

nks sauene blir stortsett beitande, lokalt i nærleiken av garden, på sommaren vert buført på stendro i håraldsdalen i austfjella på voss.

beite område i austfjella er stort. og det er svært store lam som kjem heim frå beite på hausten.

svartfjes sauene vert slept på vår beite ved sida av bjørke garden ved skjevet.

på sommarbeite er dei fyrst opp på håraldsdalen og blir buført opp til stølane potten.

der går dei eit par veker nede ved stølane før dei tek turen opp i fjellsiden mot vårnuten og mot steindro.

stundom møtes nks og svartfjesane kvarandre i fjellbeite.

svartfjessauene vert buførte heim på hausten med god hjelp av hundar.

gps sender gjer det også lettare å ha kontroll kva sauene held seg på fjellet.

hundane gjer ein fantastisk god jobb i samling av sauer og lam.

dei farga og kvite spælsauene er på sommarbeite i moldalida mot mjølfjell i raundalen.

på våren er dei på garden graudo i indre tjukkebygda.spælen er ein lettare rase og henta heim, og dei har gode beiter frå fagnastøl til moldalida.

så mange ulike raser og stykkvis og delte beiter krever ekstra mye i sesongen.

men dei har god hjelp frå familie og venner som deltek i nødvendige gjeremål.

det å drifta ein stor gard og mye tillegsjord krever mye.

kyr skal ut på beite, inn og mjelkas og ungdyr skal på utmark på håraldsdalen.

dagane går fort, alltid noko og ta seg til.

endå til skal hestane ha tilsyn, og flyttast mellom ulike beiter.

og sjølvsagt er hundane noko dei må trena med for å halda vedlike form og gjeting.

dei er utruleg flinke som driv garden med alt som føljer med det.

Del denne siden